HjemNyhendeKoronasituasjonen pr. 7. januar 2022

Koronasituasjonen pr. 7. januar 2022

Nærkontaktane til dei seks innbyggjarane som var registrert positive tidlegare i veka er no testa, og så langt er det ikkje meldt fleire positive. Sjukeheimen er framleis stengt for besøkjande, og det vil verte gjort ei ny vurdering av dette onsdag 12. januar.  

Blant dei seks som var meldt positive tidlegare i veka finn me begge variantane av koronaviruset, omikron-varianten og delta-varianten. 

Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom, og ta sjølvtest om du kjenner symptom frå luftvegane. Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 07.01.2022