HjemNyhendeKoronasituasjonen pr. 4. januar 2022

Koronasituasjonen pr. 4. januar 2022

Dette er dei som me i går melde hadde testa positivt på sjølvtest, og som no altså er stadfesta positive gjennom pcr-test. Dei smitta er busette på Sørsida, Nordsida og Indrefjorden.  Det er gjennomført smittesporing, karantene og testing av nærkontaktar. Nokon av dei som har testa positivt har kontakt inn mot sjukeheimen. Sjukeheimen er difor stengt for besøkjande.

Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom, og ta sjølvtest om du kjenner symptom frå luftvegane. Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 04.01.2022