HeimNyhendeKommunen får ny telefoniløysing

Kommunen får ny telefoniløysing

For publikum skal dette ikkje ha noko å bety - det er dei same fastnummera inn til dei ulike einingane. Men ein kan likevel ikkje utelukke at det vert litt plunder akkurat i overgangen mellom gamal og ny løysing.

Det ein har røynt i dei kommunane som alt har lagt om, er at det i nokre tilfelle er blitt ringt direkte inn til ein telefon, utan at mottakar har høyrt ringesignal. Innringar derimot, har fått signal som skulle tyde på at innringinga har nådd fram, men at mottakar ikkje tek telefonen.

Dersom ein opplever at ein mottakar ikkje tek telefonen, kan ein prøve å nå vedkomande ved å ringe kommunen sitt sentralbord 56 16 62 00, og be om å verte sett over til vedkomande. 


Sist oppdatert: 31.05.2019
Publisert: 31.05.2019