HeimNyhendeKommune-Kari har svaret

Kommune-Kari har svaret

Kommune-Kari er eit dataprogram på kommunen si heimeside som bruker kunstig intelligens og maskinlæring for å heile tida forbetre svara på spørsmål som vert stilt. Ho hentar informasjon frå kommunen sine heimesider, og vert meir treffsikker i svara dess meir ho vert brukt.

Raske svar

Frå 10. mai er Kommune-Kari operativ for våre innbyggjarar, og du finn ho øvst på heimesidene våre. Du kan stille henne korte spørsmål, og Kari gjer deg svar, eventuelt viser til lenker med meir informasjon.
- Har du enkle spørsmål du treng svar på, så får du raskt svar frå Kari. Lurer du til dømes på om du har gløymt ein planleggingsdag, kan du kjapt skrive «skulerute» i søkjefeltet og få svar innan sekundar. Det betyr ikkje at me skal miste personkontakt mellom innbyggjarar og oss på tenestetorget. Me er til stades som før, fortel fagansvarleg for tenestetorget, Hege Søvik.
Eit anna døme er å skrive ordet «sjukeheimsplass» i søkjefeltet, då vil du få opp forskjellige alternativ som du kan lesa meir om.

Generell informasjon

Kari er ein chat-robot, og det er altså ikkje ein person som gjer deg svar. Ho svarar ikkje på konkrete saker, men gjer generell informasjon om kommunen og tenestene våre. Ho er programmert til å svare på over tusen spørsmål, og er alltid klar for å hjelpe deg. Ho kan til og med slå til med ein vits, om du skulle ha behov for det.  


 

Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 10.05.2022
Publisert: 10.05.2022