HeimNyhendeKåre André Hjartholm i det norske landslaget tok gull i kokke VM

Kåre André Hjartholm i det norske landslaget tok gull i kokke VM

Masfjordingen Kåre-André Hjartholm og resten av det norske kokkelandslaget deltok i kokke-VM i Luxembourg denne helga. Under Culinary World Cup 2022 konkurrerte dei i fem kategoriar, der dei lagde sju rettar til tolv gjestar.

Norge gjekk heilt til topps og sikra seg gull i kategorien «Senior Chefs Table».

Landslaga får poeng for kvar kategori, og poengsummen i alle konkurransane skal danne grunnlaget for kåringa av verdas beste kokkelandslag. Det er enno ikkje avklart kven det vert.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 29.11.2022