HjemNyhendeJorda rundt med 12 bøker og anna informasjon frå biblioteket

Jorda rundt med 12 bøker og anna informasjon frå biblioteket

No er det snart ferie og som vanleg blir det då sommarstengt i fire veker. Difor kan det vere lurt å ta ein tur innom biblioteket før det stengjer. Vi føl smittevernreglane med å bruke handdesinfeksjon, halde avstand og vere heime om ein er sjuk, så det skal vere trygt å gå på biblioteket.

Om du ikkje vil låne papirbøker, kan e-bøker eller e-lydbøker vere eit alternativ via appen BookBites. Meir  informasjon finn du på nordhordlandsbiblioteka.no. Ta elles kontakt med biblioteket om du treng hjelp.

Også i år er vi med på den digitale versjonen av «sommarles». På BookBites  er det og mange e-bøker for barn.

Nytt i år er at vi inviterer vaksne lesarar med på ei reise jorda rundt. Så om du ikkje kan reise fysisk, kan du reise i bøkene. Strilabiblioteket har laga til eit leseopplegg der vi les ei bok i månaden frå ulike land. Reisa  startar i Sør-Amerika og endar opp i Australia neste vår. Reglane er enkle. Du fyller ut eit lesepass og for kvart av dei 12 landa du har lese frå, får du eit lodd i trekninga om ein premie. På nettsida nordhordlandsbiblioteka.no finn du meir informasjon og boktips. I biblioteka blir det og laga utstilling med bøker frå ulike landa.

I slutten av juni vert det sett ut bokkassar, ein med bøker for vaksen og ein med bøker for barn, i gapahuken på Matre og i Botneneset på Sandnes. Der er og ei hylle med bøker i butikken på Sandnes.

Då står det att å ynskje alle ein riktig god lesesommar.

Illustrasjonskart

Siste opningsdag før ferien er:    

  • Sandnes: måndag 29. juni.
  • Hosteland: tysdag  30. juni
  • Matre: torsdag 2. juli

Biblioteket opnar att:

  • Sandnes: måndag 10. august
  • Hosteland: tysdag 4. august
  • Matre: torsdag 6. august

 

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.06.2020