HjemNyhendeJobbmot - nytt tilbod til ungdom i regionen

Jobbmot - nytt tilbod til ungdom i regionen

Jobbmot kompetansesenter ungdom og arbeid – 2 årig pilotprosjekt
Pilotprosjektet Jobbmot opna i mai 22 og skal hjelpe ungdom frå 10 klasse til 25 år i å finne sin veg. Saman lagar vi ein plan for å nå målet om arbeid, utdanning eller aktivitet. Tilbodet er frivillig, gratis og tilpassa den enkelte ungdom.

Rask start – Sommarjobb 22
For å komme raskt i gang og nå ungdom starta Jobbmot med å hjelpe ungdom å finne sommarjobb. Kontakt med lokalt næringsliv – mellom anna gjennom Nordhordland Næringslag resultere i at 11 ungdommar fekk sin første jobb og viktige erfaringar i arbeidslivet som er med å gje nye moglegheiter vidare. Fleire av ungdommane som er tilbake på skule vil forsette som deltidstilsette. En del av ungdommane vil ha vidare hjelp frå Jobbmot for å finne riktig skule eller meir/anna jobb.

Ungdomslos Ingvild og prosjektleiar Ane

Er du skulelei eller vil i aktivitet?
Jobbmot kan hjelpe deg å finne det som er rett for kvar enkelt. Saman med ungdom lagar vi ein konkret plan for å nå måla. Målet kan vera skule, jobb eller anna aktivitet. No eller framover. Treng du hjelp frå andre tenester kan vi hjelpe deg komme i kontakt.

Dømer på kva vi kan hjelpe med:

  •  Karriererettleiing
  •  Hjelp til CV/søknad
  •  Direkte kontakt med bedrifter

Kontakt:
Ring oss direkte på 94 13 62 06 eller send oss ein sms på 59 44 96 19, så avtaler vi å møtast slik at du kan forklare kva du vil ha hjelp til.
Både ungdom , føresette, fagpersonar eller arbeidsgivarar kan ta direkte kontakt.

Bakgrunn for Jobbmot
NAV og alle kommunane i Nordhordland starta eit felles utviklingsprosjekt hausten 2020. Målet for prosjektet var å bidra til at vi får fleire sjølvberga unge i arbeid og utdanning i Nordhordland.
Jobbmot, kompetansesenter ungdom og arbeid, var hovudløysinga som blei jobba ut og piloten skal testast ut i regionen til mai 2024.
Alver kommune er vertskommune for piloten, og prosjektet er organisert i ungdoms og intergreringsavdelinga i NAV Alver.

 



Tekst: Ane Bysheim - prosjektleiar Jobbmot 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 09.09.2022