HeimNyhendeIsak leverte på UKM-landsfestivalen

Isak leverte på UKM-landsfestivalen

Dette på bakgrunn av flotte prestasjonar på lokalmønstringa for Nordhordland og på fylkesmønstringa på Voss i vår.

Festivalen er ein arena for kreativ ungdom, og handlar om å ha det gøy gjennom å dela kulturuttrykk og å skapa noko saman. I fire dagar til ende kokte det av kulturell aktivitet og skaparglede i og rundt det fantastisk flotte kulturhuset Kimen i Stjørdal. 500 ungdommar frå heile landet fekk presentert sine uttrykk gjennom sju førestillingar, utstillingar, workshops, talkshow og ei rekkje andre aktivitetar i deltakarlandsbyen.

Unge arrangørar arbeidde side ved side med profesjonelle aktørar, og det unge media-teamet sende direkte-TV frå det som vart servert på førestillingane.
Temperaturen var høg både inne og ute, med fantastisk stemning frå start til slutt og skyhøg kvalitet. Her var det truleg mange av neste generasjon stjerneartistar og kulturoperatørar som boltra seg.

Isak framførte Springsteen-låten Lost in the flood. Sjølv song han og spelte piano. Med seg på framføringa hadde han eit profesjonelt husband, og saman gav dei ei kraftfull framføring av songen.
Publikum var med frå første tone, og jubelen stod i taket både under og etter framføringa.
 -Det var skikkeleg trøkk i husbandet, og under førestillinga mi tok fleire hundre ungdommar i salen på mobil-lommelyktene sine, fortel Isak og beskriv den heilt spesielle stemninga.
Han fortel at det vart mindre øving saman med husbandet enn det han hadde håpa på. Rundt 45 minutt i tillegg til lydprøven, men det gjekk likevel veldig bra.

Isak på UKM

Isak fortel at heile opplegget var ei kjempeoppleving å få vera med på.
- Me var fire ungdommar frå Nordhordland reiste, og me fekk oppleva veldig mykje kjekt. Det var masse forskjellige førestillingar, alt frå dans og musikal til andre kulturinnslag. Eit veldig breitt felt, med mykje kjekt å sjå på, seier Isak.

Til hausten byrjar Isak på musikklinja på Langhaugen, og kan der fortsetje å utvikla det musikalske talentet.

Låta som Isak framførte er ein av dei første Springsteen-låtane, skrive i 1973. Teksten er lang og tung, og er teknisk vanskeleg å framføra. Isak har jobba lenge med låta, og her kan du sjå og høyre førestillinga hans.

Om du føl lenka kan du oppleva Isak si framføring her, innslag nummer 4:  


Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes
Foto: UKM


Sist oppdatert: 30.06.2022
Publisert: 30.06.2022