HjemNyhendeInvitasjon til å koma med innspel om vilkårsrevisjon for Matrevassdraget og Haugsdalsvassdraget

Invitasjon til å koma med innspel om vilkårsrevisjon for Matrevassdraget og Haugsdalsvassdraget

Eit krav om revisjon inneber at vassdragsstyresmaktene kan vedta nye vilkår for regulering av vassdraga. Det er særleg forbetring av miljøtilstanden som er formålet med revisjonssaka.

Kravet om revisjon gjeld dei konsesjonane som er gitt til erverv, regulering og overføring av vassdrag og vatn i dei to vassdraga. Her er oversikt over konsesjonane vedlagt:

Kommunen er no i gang med å kartlegge skader og ulemper som følge av reguleringa, og allmennheita sine innspel er difor viktig. Kommunen ønskjer innspel frå alle partar i saka, til dømes grunneigarlag, naturvernorganisasjonar, friluftslivet og andre interesserte, som har informasjon om korleis reguleringa påverkar deira interesser og naturinteressene. Desse innspela vert ein del av det som kommunen i tillegg skal senda inn til NVE som del av revisjonssaka. Det er viktig at ein no får fram all informasjon som er relevant for saka, slik at ein får til ein best mogleg prosess og eit godt utfall for dei interessene som er råka negativt av reguleringa. Seinare etter høyringsrunden vil det og verta eit digitalt møte om saka.

Kommunen ønskjer at de sender inn krav om miljøforbetringar/ forbetringar innan 20. april 2021.

Her finn du heile innspelsdokumentet (pdf)

Vi ønskjer at de sender innspel via elektronisk høyringsskjema(skjema.kf.no), men innspel kan også sendast til post@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 05.03.2021