HjemNyhendeInspirerande motivasjonssamling

Inspirerande motivasjonssamling

Marco Elsafadi var flink til å involvera publikum

Og ja, det vart ei motiverande stund!

Marco ElsafadiMarco Elsafadi var hovudattraksjonen denne dagen.  Han er ein prisvinnande foredragshaldar og ei eldsjel som er oppteken av korleis ein oppnår gode relasjonar- både på jobb og elles i livet.

I møte med dei kommunetilsette snakka han om kor viktig det er at alle tilsette må ha eit felles ansvar for arbeidsmiljøet, og om krafta som ligg i dei gode relasjonane. Inkludering og det å bli sett og verdsett er grunnleggjande faktorar i eit arbeidsfellesskap. Og gir ein energi, får ein energi.

-Dette var eit gjevande og motiverande foredrag. Eg synest det er flott å oppleva ein foredragshaldar som byr slik på seg sjølv som Elsafadi gjorde, seier ein av dei mange tilhøyrarane etter å ha høyrd foredraget. - Elsafadi brukar  så mange gode døme frå eige liv, og desse understrekar bodskapen på ein framifrå måte. No er det berre viktig at me alle tek med oss dette tilbake på arbeidsplassen, øver oss vidare i metodikken slik at den kan hjelpa oss til å omgåast på ein positiv og fruktbar måte, og til å skapa gode relasjonar.

Ruth Weløy Myksvoll frå ArbeidslivssenteretI tillegg til Marco Elsafadi snakka Ruth Weløy Myksvoll om rettar og plikter ved sjukemelding.

For å gje rom for at flest mogeleg tilsette kunne vera med vart foredraga halde to gongar, med servering og sosialt samvær i mellom. Det såg ut som om folk sette pris på å vera saman i ein ny setting på tvers av einingane.  

Ei stor takk til Arbeidsmiljøutvalet i kommunen som sette eit så viktig tema på agendaen, og som la alt til rette for ein inspirerande kursdag. Dette var nyttig og lærerikt!

 

 

 

Tekst og foto: Frank Kvinge og Mary Hope


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.05.2019