HjemNyhendeIngen fleire med koronasmitte dei siste dagane

Ingen fleire med koronasmitte dei siste dagane

Det er sidan laurdag 10. juli ikkje påvist fleire med koronasmitte i Masfjorden kommune.

Smittesporing er gjennomført, og fleire er vorte testa med negativt resultat.

Me ber framleis om at du ved symptom held deg heime og får testa deg.  Det har vist seg at symptoma hjå fleire av dei smitta var svært avgrensa/svake.

Me minner og om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har framleis god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har også har små eller diffuse luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg alle kvardagar frå klokka 09.00.

I dag onsdag 14 juli vart 45 personar revaksinert og 11 vaksinert for første gang. Kommunen ønskjer å få tildelt fleire vaksiner enn det som tidlegare er sett opp frå nasjonale styresmakter, og har forventningar at det snart kan skje.

 

Tekst: Rolf Martin Tande, kommuneoverlege og smittevernlege


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 14.07.2021