HeimNyhendeIngen nye smittetilfelle i veke 50

Ingen nye smittetilfelle i veke 50

Denne veka (veke 50) har 14 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg, og alle testane me har fått svar på har vore negative.
Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og bidreg  til å førebyggja smitteutbrot i kommunen.

Masfjorden kommune minner om råda frå nasjonale styresmakter om å ha minst mogeleg nær kontakt med andre. Hugs dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 11.12.2020