Ingen nye smitta i Masfjordnes-området
Fleire klassar ved Sandnes skule vart testa med hurtigtest søndag 5. september, og desse vert testa på nytt tysdag og på torsdag denne veka med hurtigtest. Dette vert gjort for å kunne halde skulen open og unngå karantene for heile elevgruppa.
Det er mykje smitte i samfunnet rundt oss no. Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.
Me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt med legekontoret på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.
Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
07.09.2021