HeimNyhendeInformasjon frå Skyss til alle ferjereisande

Informasjon frå Skyss til alle ferjereisande

Det vert altså endringar på fleire vis for deg som reiser med ferje:

  • Du treng no AutoPASS-brikke og ferjeavtale, dersom du ønskjer rabatt på køyretøyet ditt - Finn ut meir
  • Prisar for ferje vert frå nyttår regulert av AutoPASS-regulativ for ferjetakstar. Prisane vil du finne på skyss.no når dei er vedteke av fylkestinget for Vestland Fylkeskommune i slutten av desember.
    Her finn du prisane så snart dei er klare
  • Ferjeruter finn du på skyss.no og her vert det også lagt ut driftsmeldingar ved avvik. Her finn du meir om ferjeruter frå 1. januar 2020.
  • Nesten alle ferjesamband får ny operatør og nye ferjer. Dersom du ønskjer å motta sms-varsling ved avvik i ferjedrifta, må du opprette nytt abonnement. Her finn du meir om sms-varsling

Frå 1. januar tek Skyss eit større ansvar for kundekontakt og informasjon om ferjene. Dersom du har spørsmål, innspel eller eventuelle klagar, kan du kontakta vårt kundesenter

Avgangsvisning på eigen skjerm

Skyss tilbyr ei løysing for å enkelt vise avgangsinformasjon på eigen skjerm eller nettside. Her kan du velje ei ferjekai og få opp neste avgang fortløpande. Dette fungerer også for buss, dersom det er ønskjeleg.

Les meir om avgangsvisning på eigen skjerm

 

 

Tekst: Gry Slettjord, rådgjevar i Skyss


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 17.12.2019