HjemNyhendeInformasjon frå legekontor og helsestasjon

Informasjon frå legekontor og helsestasjon

Legekontoret og helsestasjonen

Alle vert bedt om å komme til avtalt tid. Dersom ein er tidleg ute er det ynskjeleg at ein venter i bilen til det nærmar seg timeavtale. Dette for å unngå mange på venterommet. På grunn av smittevernomsyn er det viktig at ein held avstand til andre. Til dømes på venteromma. Husk god handhygiene og hostehygiene. 

Legekontoret

Dersom du har time hjå lege og er forkjøla, har influensaliknande symptom, luftvegssymptom som feber, sår hals, hoste eller pustevanskar må du kontakte legekontoret per telefon (56 16 63 00) og få ei vurdering før du møter på legekontoret. Det er viktig at dei som er forkjøla, har hoste eller feber ikkje møter på legekontoret utan å ha ringt på førehand.

Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon skal vente utanfor til dei vert ringt inn. Me vil ta desse pasientane inn ved eigen inngang (nordsida av bygget / ambulanseinngang) direkte til eigne skilte rom. Dette er sjølvsagt for å unngå smittespreiing. Legen vil møte pasientane ikledd smittevernutstyr.

For ein del pasientar kan det vere aktuelt å ta prøve for koronavirus, dette avtalast på telefon og kan i dei fleste tilfelle gjennomførast i bilen.

Helsestasjonen

I tråd med anbefalingar frå helsedirektoratet har helsestasjonen tilnærma normal drift igjen. Det vil sei at alle konsultasjonar i helsestasjonsprogrammet vil bli prioritert. 

Om du eller barnet ditt har symptom frå luftvegar, ber me om at de tar kontakt slik at vi kan sette opp ein ny time.

Kontaktinformasjon:

  • Legekontoret, tlf. 56 16 63 00
  • Helsestasjon, tlf. 56 16 63 13 / 56 16 63 14
  • Legevakt 116 117
  • Akutt 113
  • Folkehelseinstituttet sin informasjonstelefon 81 55 50 15

 

 

Tekst: Randi Ulvøy, helsesjukepleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 03.07.2020