HeimNyhendeInfluensavaksine

Influensavaksine

No er det tid for den årlege influensavaksina. Særleg viktig er det at personar som er i risiko for alvorleg sjukdom vaksinerer seg .

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • Anna alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

Vaksinasjonsdagar i Masfjorden kommune vert i veke 43: 

Hosteland, gamle legekontoret: onsdag 26.oktober, klokka 12:30 - 18:00 
Matre, gymsalen: torsdag 27.oktober, klokka 09:00 - 15:00
Sandnes, kommunestyresalen: fredag 28.oktober, klokka 09:00 - 15:00 

Pris influensavaksine: 
Vaksina kostar 200 kroner. Betaling med Vipps til 520470, merk med vaksine. 
Faktura kan bli sendt.
Kontant: Det er fint om de kan ta med akkurat summer vaksina kostar, vekslepengar kan vera vanskeleg. 

Det bør gå minst ei veke mellom koronavaksine og influensavaksine. 

Pneumokokk-vaksine: 
Det vert moglegheit for å ta vaksinasjon mot pneumokokksjukdom for dei som er i risikogruppa for dette (pneumokokker er ein type bakteriar som kan forårsake lungebetennelse og blodforgiftning, særleg hos eldre og andre med redusert helsetilstand) 
Pneumokokkvaksina kostar 400 kroner

Ein kan lese meir om vaksinane her:

Influensavaksine - FHI (http://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine)

Pneumokokkvaksine til risikogrupper - FHI (http://www.fhi.no/sv/vaksine/voksenvaksinasjon/pneumokokkvaksinasjon-for-voksne/)

Ved spørsmål ta kontakt med:

Masfjorden legekontor tlf. 56 16 63 00.

Masfjorden helsestasjon: 56 16 63 14 / 56 16 63 13

 

 

Tekst: Laila Mjånes, leiande helsesjukepleiar .


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.10.2022