HjemNyhendeInfluensavaksine i Masfjorden kommune 2021-2022

Influensavaksine i Masfjorden kommune 2021-2022

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

- Alle som har fylt 65 år
- Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
- Barn og vaksne med:

  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • Anna alvorleg eller kronisk sjukdom

- Gravide i 2. og 3. trimester
- Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko

I tillegg anbefalast influensavaksine til:
- Helsepersonell som har pasientkontakt.
- Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Viktig å merka seg:

  • Det vert moglegheit for vaksinasjon mot pneumokokksjukdom for dei som er i risikogruppa for dette, så langt det er tilgang på vaksiner.
  • Det skal gå minst ei veke mellom koronavaksine og influensavaksine.
  • Influensavaksinen kostar 50 kroner for dei som er i risikogruppa. Har du frikort kostar det ingenting. Er du utanfor risikogruppa kostar vaksinen 200 kroner.
  • Vaksine mot pneumokokksjukdom kostar kr. 400,-
  • Det er fint om de tek med akkurat summen vaksinen kostar, vekslepengar kan vera vanskeleg. Dersom ein ynskjer faktura vil det verte eit fakturerings gebyr på 71 kroner.  
  • Ein kan lese meir om vaksinane her:
    Influensavaksine (www.fhi.no)
    Pneumokokkvaksine til risikogrupper (www.fhi.no)

Vaksinasjonsdagar i Masfjorden kommune vert i veke 43:

  • Nordbygda, gamle legekontoret: måndag 25. oktober kl. 9.30 - 13.30.
  • Sandnes, Fjon grendahus: tysdag 26. oktober kl. 9.30 - 13.30.
  • Matre, gymsalen på Matre skule: onsdag 27. oktober kl. 9.30 - 13.30
  • Nordbygda, gamle legekontoret: onsdag 27. oktober kl. 15.30 - 18.00

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden helsestasjon: 56 16 63 14 / 56 16 63 13. Masfjorden legekontor tlf. 56 16 63 00.




Tekst: Randi Ulvøy, leiande helsesjukepleiar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 26.10.2021