HjemNyhendeHøyring om mindre reguleringsendring for fylkesveg 570 Einestrand - Nordkvingo

Høyring om mindre reguleringsendring for fylkesveg 570 Einestrand - Nordkvingo

Det er i e-post dagsett 28.01.2021 frå Vestland fylkeskommune kome inn framlegg om mindre reguleringsendring innanfor reguleringsplan for fylkesveg 570  Einestrand – Nordkvingo (planid 126620130003).

Formannskapet i Masfjorden kommune har i sak 016/2021 i møte den 04.02.2021,  sjå vedlegg, gjort følgjande samrøystes vedtak:
«Mindre reguleringsendring for del av reguleringsplan for fylkesveg 570  Einestrand - Nordkvingo vert sendt på avgrensa høyring i medhald av plan- og bygningslova sin § 12-14.3 ledd. Det vert vist til plankart dagsett 22.01.2021 som viser endringa.»

Bakgrunn for søknaden:
Avkøyringane som ligg på gnr. 38 bnr 1 skal slåast saman til ei avkøyring. Dette fordi den nordlegaste avkøyringa har fått forverra sikt grunna vegutbetring lang fv. 570.  Dette flyttinga ligg og inne i reguleringsplanen, sjå figur 1. Det viste seg i samband med nærmare planlegging av denne vegomlegginga, at vegtraséen som ligg inne i reguleringsplanen går over ein brønn til ein fritidsbustad i området, på gnr. 38 bnr 92.  

Vestland fylkeskommune føreslår difor ein ny vegtrasé 15 – 20 meter lengre nord for den som er regulert, jf plankart av 22.01.2021, der endringen er vist. På neste side er kartet vist, noverande veg som skal bort, og tilbakeførast til landbruksareal, er vist grøn, og den nye traseen er vist tydeleg, medan den regulerte veglinja frå tidlegare godkjent reguleringsplan er vist med svakare gråfarge. Denne ligg nærmast løa på hovudbruket.

Før det vert gjort endeleg vedtak i saka, skal forslag til endring som kjent verta send til råka myndigheiter, eigarar, naboar og festar av eigendomar som direkte vert råka av vedtaket, og eventuelt andre råka parter, slik at desse får høve til å uttale seg. Dette må gjerest når planforslaget er handsama i medhald av Plan- og bygningsloven § 12 – 14, 3. ledd, der det står:

"Før det treffes slikt vedtak, skal saken forelegges berørte myndigheter, og eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket, og andre berørte, skal gis anledning til å uttale seg.  Underretning av vedtak sendes til berørte myndigheter som har hatt merknader, og eiere og festere av eiendommer som direkte berøres av vedtaket."

Høyringsdokument i pdf:
Reguleringskart
Framlegg frå Vestland fylkeskommune
Saksutgreiing for formannskapet

På bakgrunn av dette ber me om at eventuelle merknader / synspunkt på den mindre reguleringsendringa helst vert sendt:
på elektronisk høyringsskjema
eller som brevpost til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes,
som e-post til post@masfjorden.kommune.no.

Høyringsfristen er den 10. mars 2021.


 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.02.2021