HeimNyhendeHøyring - Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027

Høyring - Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027

Gjeldande regionale vassforvaltningsplanar for Hordaland og Sogn og Fjordane (2016-2021) vert no oppdatert for planperioden 2022-2027 til ein plan for Vestland vassregion. Forslag til ein regional vassforvaltningsplan for Vestland med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram vert no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 30. juni 2021.

Planen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. I tråd med vassforskrifta set dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden 2022-2027. Planane viser korleis miljøtilstanden er i dag og kva for tiltak som er nødvendig for å førebygge, forbetre eller rette opp att tilstanden der det er nødvendig.

Forslag til plandokument har vore jobba fram i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar. Plandokumenta vart godkjent av Vestland vassregionutval i møte 12.02.2021. Vestland fylkesutval vedtok å leggje planen ut på høyring og offentleg ettersyn 26.3.21 med høyringsfrist 30. juni 2021.

Høyringsdokumenta

Kommunar, offentlege styresmakter, organisasjonar og alle andre som har interesse for vassforvaltning vert invitert til å bidra med innspel, slik at vi kan få ein enno betre plan for korleis vi skal nå eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet.

Det er tre dokument som er på høyring:

  1. Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027 (vassforvaltningsplanen)
  2. Tiltaksprogram for Vestland vassregion 2022-2027
  3. Handlingsprogram for Vestland vassregion 2022-2027

Her finn du høyringsdokumenta (www.vannportalen.no)

Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla. Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Planen skal etter vedtak i fylkesting sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning.

Høyringsmøte

Vassregionstyresmakta inviterer til fleire høyringsmøte (webinar) i høyringsperioden for den regionale vassforvaltningsplanen. Dei vert gjennomført på Teams. Dei som melder seg på får tilsendt lenke til arrangementet. Vi kjem tilbake med meir informasjon om høyringsmøta seinare.

Oppdatert informasjon om møta vert lagt ut i april (www.vannportalen.no)
Nasjonale høyringskonferanse 27. og 28. april (www.vannportalen.no)

Høyringsinnspel

Sjå vedlagde høyringsrettleiar for tips om kva for tema vi særleg ønskjer innspel på. Du finn her informasjon om kor du kan finne dei ulike tema i dokumenta.

Høyringsrettleiar (pdf)

Frist for å sende inn høyringsinnspel er 30. juni 2021.

Kontaktpersonar:
Merete Farstad, e-post: merete.farstad@vlfk.no
John Anton Gladsø, e-post: John.Anton.Gladso@vlfk.no

 

Tekst: Vestland fylkeskommune, Innovasjon og næringsutvikling,
Endre Høgalmen, seksjonssjef og Merete Farstad, seniorrådgjevar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 09.04.2021