HjemNyhendeNærmare ei løysing for lys i Hostelandstunellen

Nærmare ei løysing for lys i Hostelandstunellen

Fylkesrådmannen har til møte i hovudutval for samferdsel og mobilitet den 28. april  tilrådd at utvalet godkjenner søknad om fråvik for belysning av fv. 570 Hostelandstunnelen. Innstillinga er  i tråd med tilrådinga frå Statens vegvesen v/regional fråviksgruppe, dagsett 21. oktober 2019.

I saka kjem det klart fram at i Masfjorden har både lokalbefolkninga og kommunen lenge ønskt at det vert sett opp lys i Hostelandstunnelen på fv. 570 Fensfjordvegen. Tunnelen har trafikk av mjuke trafikantar, og ein fryktar påkøyrsler. Det er no søkt om godkjenning av fråvik for eit forenkla lysanlegg. Statens vegvesen si regionale fråviksgruppe har kome med tilråding til vedtak, der dei legg til grunn at fullverdig løysing i tråd med krava i handbok N500 ikkje er eit realistisk alternativ på grunn av høg kostnad. Forenkla løysing vert difor vurdert opp mot dagens situasjon med mørk tunnel, og vert vurdert å gi ei stor forbetring av tilhøva i tunnelen. Fylkesdirektøren rår til at søknaden om fråvik vert godkjent, i tråd med tilrådinga.

Her kan du lese heile saka til hovudutvalet:

Lyssetting av fv. 570 Hostelandstunnelen - søknad om fråvik (pdf)

Masfjorden kommune meiner at dette er eit svært viktig skritt for å kunne realisere behovet for  lys i tunnelen på Hosteland.



Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 22.04.2020