HeimNyhendeHelsing frå ordføraren i korona-krisa

Helsing frå ordføraren i korona-krisa

I Masfjorden kommune legg me planar for korleis me skal handtera smitta og sjuke personar. Pleie og helsetenestene våre er i fullt beredskap. Så langt har me ikkje registrert smitta personar i Masfjorden, men me har hatt personar i karantene, og det har medført både endringar av arbeidsplanar og ekstra innsats hjå mange. Det er flott å registrera at våre tilsette tek ansvar i ein slik situasjon, og legg planar for det som kan koma.

Den kommunale kriseleiinga har møte kvar dag i veka for å følgja og drøfte utviklinga lokalt.

Det er no ekstra viktig at me unngår smittespreiing til kvarandre, og at alle er med på den nasjonale dugnaden dette handlar om så lenge det vert påkravd av oss. Norge har alle forutsetningar for å lykkast i denne kampen om alle tek ansvar.
Pandemien kan gjera folk redde og utrygge. I ein slik situasjon er det viktig at me står saman og støttar kvarandre. Me har mange innbyggjarar som kan gje ei hjelpande hand her i Masfjorden. Ønskjer nokon hjelp til daglege gjeremål, kan de og ta kontakt med kommunen, så skal me formidla hjelp. Ring då tenestetorget vårt på tlf. 56 16 62 00. Dette er bemanna frå klokka 08:30 – 15:30 frå måndag til og med fredag.

Eg håpar og at kvar og ein bryr seg litt ekstra om sine naboar, familie og vener i denne tida. Ta ein ekstra telefon og sjekk ut om folk har det bra. Nokon treng kanskje berre ein liten prat på telefonen for å føla seg trygge, andre treng kanskje di hjelp !

Dei økonomiske konsekvensane av pandemien og oljekrisa ser ut til å bli store.  Både kommunar og næringslivet vil få store økonomiske utfordringar. For å få hjula i gang så fort som mogeleg etter at krisa er over, må me alle vera flinke til å bruka lokale bedrifter i kommunen og i Nordhordland, og handla lokalt så langt det er mogeleg.

I Masfjorden kommune pågår fleire store byggjeprosjekt. Det største som heiter Fensfjordbygg er snart innflyttingsklart, og det andre er omsorgsbustaden på Hosteland, som skal vera innflyttingsklart rundt juletider. Kommunen vil gjera det som er mogeleg for å få dette realisert som planlagt. Det kjem ei tid etter pandemien også, og då skal igjen Masfjordbrua få full fokus, i tillegg til alt det andre som er viktig for utviklinga av Masfjorden kommune på kort og lang sikt.

Ta vare på kvarandre!

Helsing frå
KarsteinTotland                                                                                                                                                                                      
Ordførar i Masfjorden


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 27.03.2020