HjemNyhendeHelsedirektoratet stenger alle barnehagar og skular

Helsedirektoratet stenger alle barnehagar og skular

Tiltaka er gjort for å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalda naudsynte helse- og omsorgstenester.

Følgjande unntak frå pålegg om stenging gjeld sidan det er viktig å oppretthalde tenestene i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar, og å unngå at personar i risikogrupper vert nytta til barnevakt:

Leiarar av barnehagar og rektorar ved barneskuler må difor sørga for eit tilbod til barn av personell i helse- og omsorgstenestene, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt.

Lærarar og tilsette ved Masfjorden kommune sine skular og barnehagar vil difor møte på arbeid inntil anna eventuelt vert bestemt.

Sjå lenke til helsedirektoratet for meir informasjon: www.helsedirektoratet.no/


Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 12.03.2020