HjemNyhendeMilitær øving denne veka

Militær øving denne veka

Øvinga vil i all hovudsak innebera aktivitet i Masfjorden og Gulen kommune, men personell vil og vera synlege i nabokommunar.

Hovudaktivitetane vil vera knytt til skytebaner i områda, dette vil bli skilta. Ein kan og kunne sjå militært personell i lokalsamfunnet, både langs vegaksar og knutepunkt. Mannskap vil bera våpen og lausammunisjon, og det kan bli aktivitet der lausammunisjon blir brukt.

Publikum vert bedt om å etterkoma skilting og eventuelle oppfordringar frå militært personell gjennom heile nemnde periode.

 

Informasjon frå Helge Kvalsund, kaptein/ sjef 
Bergenhus HV09


Sist oppdatert: 02.09.2024
Publisert: 02.09.2024