HjemNyhendeHeidring av OL-vinnaren Kåre André

Heidring av OL-vinnaren Kåre André

Kåre André med hødl og blomebukett

I samband med kommunestyremøtet 10. september var det endeleg tid for Masfjorden kommune  å heidra kokken og den formidable prestasjonen han og resten av kokkelandslaget sto for under kokkemeisterskapet i Tyskland. 

Kokke-OL er utan tvil den største konkurransen i kokkesamanheng. Store deler av verda er representert.

Konkurransen var delt opp i to. Del ein, «Chefs Table», gjekk ut på å fremja nasjonane sine  råvarer gjennom seks små serveringar til eit dommarpanel. I tillegg måtte det presenterast eit fat som spegla visjonen til laget. Den andre konkurransen var ein restaurant der laget måtte køyra ein kjøkkenservice med ein tre-retters meny.

-Me er stolte over det du og laget ditt har prestert, sa ordføraren i helsinga til OL-meisteren. -Du er ein god ambassadør for god kokkekunst, men og for kommunen du kjem frå. Mat og kvalitetsmat har dei seinare åra fått eit sterkare fokus , først og fremst takka vere media, og når me no ser at tidlegare prisvinnar Hellstrøm drar på åra, så er det kanskje du som i framtida kan ta over hans rolle på skjermen.

Ordføraren overrekte avslutningsvis blome og ein hødl til stjernekokken frå Masfjorden.

 

Tekst og foto: Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.09.2020