HeimNyhendeHeiderspris til Rolf Martin Tande

Heiderspris til Rolf Martin Tande

Rolf Martin Tande får tildelt heidersprisen av Anette Fosse

Rolf Martin Tande er som kjent kommuneoverlege i Masfjorden kommune og har vore tilsett i legetenesta i meir enn 25 år.

Prisen går til ein person som i fleire år har gjort ein markant innsats for helsetenesta i distrikts-Noreg. Både påtroppande leiar i NSDM, Anette Fosse (bildet) og avtroppande leiar, Helen Brandstorp stod for utdelinga. Prisen er eit kunsttrykk og kr 20.000.

Tande har utmerka seg som ein klok "kombi"-lege for sin befolkning og som ein strateg og entreprenør med løysingar som blir nasjonale. Både innan legevakt og beredskap har Tande gått i bresjen. Han evnar å bringe saman mange ulike aktørar på ein respektfull og klok måte, slik at idear vert gjennomført ved at mange får eigarskap til desse. Samhandling med sjukehus er eit annet felt Tande er aktiv på.

Dei seinare åra har han blitt kjent for å ha bygd opp Alis-Vest, som er eit stort statsstøtta prosjekt i fire fylker for utdanningsstillingar til fastlegar. Dette har rekruttert unge legar i både by og bygd.

Du kan lesa meir om prisutdelinga på NSDM si heimeside

 

 

Tekst: Helen Brandstorp/Frode Vee-Haugen
Foto: Helene Brandstorp


Sist oppdatert: 28.10.2019
Publisert: 28.10.2019