Gratis kjernetid på SFO for 1.klassingar
Me har difor kome fram til følgjande:
Me reknar ein timepris for SFO på kr 116,- rekna ut frå gebyra vedteke i desember 2021 med verknad frå 01.04.22.
For å dokumentere bruk av SFO må me fakturere alle timane dei har høve til å nytte seg av SFO etter påmelding MEN med fråtrekk av inntil 12 timar. Dette utgjer
• For tilbod inntil 5,9 timar – gratis (kr 611 – kr 611)
• For tilbod inntil 9,9 timar – gratis (kr 1181 - kr 1181)
• For tilbod tinntil 13,9 timar må ein betale kr 285 (kr 1677 - kr 1392)
• For tilbod over 14 timar må ein betale kr 1044 (kr 2436 – kr 1392)
Søskenmoderasjon vert å trekke frå etter at gratis kjernetid er trekt frå.
Mat og eller tur pengar eller liknande kjem i tillegg.
Tekst: Anne Kristin Rafoss, rådgjevar - Masfjorden kommune