HeimNyhendeGodkjent revidert reguleringsplan for Bjørkeneset

Godkjent revidert reguleringsplan for Bjørkeneset

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 21.november 2019, i sak 081/2019 har eigengodkjent revidert reguleringsplan for Bjørkeneset i Masfjorden kommune, plan-id 1266-20170002.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for at det kan koma bustader i hytteområdet, samt få til ein betre og større småbåtområde i sjø med tilhøyrande infrastruktur.

Reguleringsplanen ligg også til gjennomsyn frå 10.12.2019 til 03.01.2020 i ekspedisjonen på kommunehuset på Masfjordnes.

Planen med alle tilhøyrande dokument i pdf-versjon:

Det vert i dette brevet lagt ved plankart av 23.01.2019 og føresegner revidert 06.12.2019 samt saksframlegget til kommunestyret sitt møte den 21.11.2019 med vedtak.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast inn av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen etter forvaltningslova § 29, er 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og  skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 03.01.2020.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 09.12.2019