HeimNyhendeFramlegg til kommunedelplan for trafikksikring for Masfjorden kommune 2021 - 2033 til offentleg ettersyn

Framlegg til kommunedelplan for trafikksikring for Masfjorden kommune 2021 - 2033 til offentleg ettersyn

Formannskapet i Masfjorden kommune vedtok i møte den 18.10.2021  å senda framlegg til kommunedelplan for trafikksikring for Masfjorden kommune 2021 – 2032 ut på offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-14. Me legg ved sjølve planframlegget og saksframlegget til formannskapet sitt møte med vedtak.

Planen inneheld   fakta om trafikktilhøva i kommunen inkludert ulykkeanalysar, og kjem med framlegg til målsettingar og strategiar med tiltak for å betre trafikktryggleiken I Masfjorden kommune.

Tiltaka er fordelt på tre område:
Åtferd og haldningstiltak, organisatoriske tiltak og fysiske tiltak.

Det vert lagt opp til seks satsingsområde knytt til trafikktryggleik og i tillegg ligg det føre ein handlingsplan over fysiske tiltak for heile perioden 2021 - 2032.

Plandokumentet og saksframlegget i pdf-versjon:
Plandokument (pdf)
Saksframlegg (pdf)

Me ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan 25. november 2021 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til  post@masfjorden.kommune.no. På Masfjorden kommune si heimeside finn du:
elektronisk merknadsskjema (skjema.kf.no)

 

Tekst: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 20.10.2021
Publisert: 20.10.2021