HeimNyhendeForlenging av straumtilskotsordninga

Forlenging av straumtilskotsordninga

I mars mottok 11 kulturbygg i kommunen vår tilskot frå ordninga, etter søknad.

Forlenging av ordninga skjer jf. Prop. 77 S (2021–2022) og Innst. 251 S (2021–2022).

Kultur- og likestillingsdepartementet har gitt Lotteri- og stiftelsestilsynet i oppdrag å forvalta tilskotsordninga framover. Kommunane skal difor ikkje lenger handsama nye søknader om straumstønad. Organisasjonane skal søka via skjema til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det vert lagt opp til kvartalsvise søknader med høve til å søka for andre kvartal 2022 tidlegast i august.

Det blir kunngjort informasjon når den nye ordninga er på plass.

 

Tekst: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 28.04.2022
Publisert: 28.04.2022