HeimNyhendePositivt fokus i foreldrekveld på Sandnes skule

Positivt fokus i foreldrekveld på Sandnes skule

Flott oppmøte med både latter og alvor frå engasjerte foreldre

(Sjå musepeikar for bilettekst)

Temaet var «Korleis vere «motsk» og gjere kvardagen lettare for oss sjølv og andre med enkle grep?» Bakgrunnen for arrangementet var å kome saman som foreldreråd for å skape felles engasjement og gode haldningar rundt tema som er viktige for oss som foreldre.

Marta Midtbø og Merethe Engelsen frå MOT var invitert inn saman med to kjekke motivatørar frå 10. klasse, Heine Tveranger Aasgard og Julie Birkeland. Alle foreldre som hadde tatt turen denne kvelden fekk eit godt og verdifult innblikk i korleis MOT jobbar i Masfjorden kommune. Marta og Merethe guida oss gjennom nyttige verktøy som satelittbana, lommelykta og den usynlege ryggsekken. Alle er verktøy som kan setjast rett ut i praksis, også for oss som foreldre.

Etter pausen med god blomkålsuppe, fekk dei unge motivatørane presentere ein film dei hadde laga for å belyse tema for kvelden. Til slutt oppsummerte dei kvelden med ein spenstig Kahoot!

Klassen med best foreldreframmøte vant eit spel som dei kan nytte i skulekvardagen.

FAU ønskjer å takke alle for oppmøte denne kvelden. Vi er godt nøgde med arrangementet og det flotte engasjementet frå foreldra.



Tekst: Merethe Engelsen og Åshild Skuggedal, FAU v/ Sandnes skule
Foto: Merethe Engelsen og Åshild Skuggedal


Sist oppdatert: 01.03.2019
Publisert: 22.02.2019