HeimNyhendeFolkesong på timeplanen

Folkesong på timeplanen

Folkesongtime

(Foto over: Folkesongtime)

Alle 1.-4. klassingane i kommunen har øvd fram mot folkesongdag.

«Sommarscena» har kvart år eit prosjekt eller eit arrangement som involverer skuleelevar.  I år hadde me lyst til å fokusera på den rike barnesongskatten frå regionen vår, og etter å ha opplevd ein slik flott dag kan eg skriva under på at det valet angrar me ikkje på.

Det er tidleg torsdag morgon. Ute høljar det ned , men dette ser ikkje ut til å plaga dei unge elevane som er på veg til gymsalen for å syngja. Støvlar jakkar og vestar vert  parkert i vestibylen, og glade finn forventningsfulle elevar plassen sin i stolrekkjene som ventar på dei. Det er Kjersti Wiik og Laila Kolve som skal vera lærarar denne dagen og leia songen.

Så er dei i gang. Visa om « Reven og rotto og grisen»  fyller heile salen. Entusiastiske elevar gir alt frå første tone. « Så flinke de er», seier Kjersti, og skryten får elevane til å setja inn endå eit gir, og no med flotte rørsler til songen. Så går det slag i slag med « Ro, ro til Siraland», « Vesle Ola», « Sol, sol, kom opp igjen», « Reven han sat i sete», «Hannemann opp i Fagerli», « Ikodne», « Bispen» og fleire til. Innimellom er det tostemt song, og innimellom blir elevane delt opp i grupper som syng mot kvarandre. Og heile tida med smakfullt og elegant fløytespel frå Laila som akkompagnement.

«De er heilt fantastiske», skryt Kjersti og Laila, « så no fortener de ein god pause. Men kom innatt når de høyrer dette»,  og så set Kjersti i gang med ein kraftfull kulokk etter Johanna Duesund frå Masfjorden. Eit kvarter seinare er alle elevane punktleg på plass igjen, og øvinga heldt fram. Seinare på dagen skal dei framføra alt dei har lært for medelevar, foreldre, besteforeldre og alle andre som måtte stikka innom.

Men først mat. 9. klassen har brukt skuledagen til å stella i stand herleg grønnsaksuppe til alle dei unge songarane, og maten går ned på høgkant. Så er det leik og moro i skulegarden før den store finalen.

Publikum strøymer på og like etter tonar songen frå gamal og ung i rommet. Jammen har dei lært mange songar på kort tid! « Desse songane kjem de til å ha med dykk vidare i livet, og kanskje syng de dei for ungane dykkar når de ein gong vert foreldre», seier Kjersti til den yngre garde. Frå dei aller eldste ser ein smil over å kjenna att songar som dei ikkje har sunge på ei stund, glede  over å oppleva glade barnestemmer i fri utfalding, og glede over å vera ein del av dette fellesskapet.

Det vert ei god stund.

Så er ein lang, men gjevande songdag over.

Ei stor takk til Kjersti og Laila for inspirerande leiing, til alle gode hjelparar, til alle som møtte opp, og ikkje minst til dei glade, unge songarane som gav alt denne dagen.

Møte mellom generasjonar

(Foto over: Møte mellom generasjonar)

 

Tekst og foto: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 06.09.2019
Publisert: 06.09.2019