HjemNyhendeKorleis står det til med folkehelsa i Masfjorden?

Korleis står det til med folkehelsa i Masfjorden?

Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Barn på sykkel - biletmotiv henta frå Masfjorden

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa.

Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Masfjorden, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Ordførar Karstein Totland oppfordrar alle til å delta i spørjeundersøkinga.

-Mange svar gjev gode data. Det er viktig for oss å kartleggje korleis innbyggjarane våre eigentleg har det, og på den måten arbeide mot eit betre tilbod i kommunen, seier han.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort - to på kr 2500 og ti på kr. 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år.

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51207150

Lokal kontaktperson er helse- og omsorgsleiar Oddvin Arne Neset - 56166219

 

Tekst: Fylkeskommunen / Sigrun Haugsdal Reknes.
Foto: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.04.2022