HeimNyhendeFolk for fjella

Folk for fjella

 

Urørt natur i Stordalen / Stølsheimen

Program :

Kl. 11:30  : Fjelltur til Perstova.
Turstart ved Stordalen Skisenter. Turguidar.
Kort faktainformasjon på toppen.

Det vert sal av rimeleg suppe/lapskaus og hot-dog på Stordalen Fjellstove frå kl. 13:00 og utover

Kl. 15:00 :   Hovudarrangement ved Stordalen Fjellstove

Innleiing ved konferansier Kjetil Eikefet

Kulturinnslag ved Masfjorden kulturskule

Appellar ved :

  • Nicolas J. I. Rodriguez, DNT.  Informerer om saksgang og politisk handsaming
  • Einar Hope, professor emeritus i energiøkonomi ved NHH , tidlegare konkurransedirektør og masfjording.
  • Tove Kayser,  tidlegare rektor, formidlar av Bjørn West- historia og dotter av Fredrik Kayser (Bjørn West).
  • Silje Kjetland, sauebonde, lærar, småbarnsmor – heimflyttar og masfjording
  • Hogne Hongset, vindkraftmotstander, forfattar av boka vindbaroner, og tidlegare info.sjef på Statoil Mongstad

«Politisk kvarter.» 

Me har invitert hordalandsbenken på Stortinget, listetoppane i Vestland og ordførarane i dei tilgrensande kommunane. Kort appell -  ikkje debatt.

Desse kjem (vert oppdatert etter kvart)

  • Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Sp
  • Trude Brosvik, listetopp for Vestland Krf
  • Marte Hammer, listetopp for Vestland SV
  • Karstein Totland, ordførar i Masfjorden
  • Astrid Byrknes, ordførar i Lindås
  • Halvard Oppedal, ordførar i Gulen
  • Øyvind Oddekalv, ordførar i Meland
  • Per Lerøy, ordførar i Austrheim
  • Jon Askeland,ordførar i Radøy og listetopp for Vestland Sp    


Ca kl. 17:00    Vel heim  

Me forventar stort oppmøte, og det vert difor organisert parkering ved Stordalen skisenter, NAF- caravan og evt. fleire. Det vert parkeringsrettleiarar.  Ingen parkering ved fjellstova.
Det vert sett opp bussar mellom parkeringsplassane og fjellstova  (begge vegar)

Tekst og bilete : Arnold Matre


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 06.05.2019