HeimNyhendeNo flyttar me til Fensfjordbygg 8. juni 2020

No flyttar me til Fensfjordbygg 8. juni 2020

Frå venterommet i 1. etg. på helsestasjonen.

(Bilete frå venterommet i 1. etg. på helsestasjonen)

Første dag i nye lokale vert måndag 8. juni. Frå den dag må alle som har time eller avtalar møte her.

Dette gjeld helseavdelinga med alle tenester her, legekontoret, helsestasjon og jordmor.

Du finn oss i 1. etasje når du går inn hovudinngangen. Opningstid her vert frå  09.00 – 15:00.

NB!  Legekontoret er stengd 5. juni på grunn av flytting.

Me vil gjerne gjera dykk merksam på at den  kommunale fysioterapi- og hjelpemiddeltenesta framleis vert å finne i kjellaren på sjukeheimen.

I 2. etasje finn du  psykisk helseteneste, heimetenesta og forvaltningskontoret for helse og omsorg.

Her finn du og fysioterapeut Gro Baarøy, som alt har starta opp i nye lokale.

Alle tenestene har adresse Fensfjordvegen 615.

Tenestene har same telefonnummer som før, men Forvaltningskontoret for helse og omsorg vert no å treffa på tlf. 56 16 65 60.

Velkomen til å møte oss i nye flotte lokale på Fensfjordbygg.

Kjøkkendelen av møterommet i 2. etg.

(Bilete frå kjøkkendelen av møterommet i 2. etg.) 

 

 

Tekst og foto: Elin Eikemo, leiar forvaltningskontoret for helse og omsorg.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 26.05.2020