HjemNyhendeFjelltrim 2019

Fjelltrim 2019

Postkassene til dei kortaste turane heng oppe til 1. november.

I fjor var det 57 fjellvandrarar som gjorde seg fortente til premie. Til saman var det 3699 besøk på postane, noko som viser at det også har vore god aktivitet i sesongen 2018.

Som vanleg vert det arrangert onsdagsturar i Masfjorden. Det er lagt opp til sju slike turar på Sørsida, og denne gongen er alle desse turane også postar på Fjelltrimmen.

Me prøver å få slik til at det skal vera greitt å klara 10 postar, altså nok til å få premie. Dei som går 10 postar, kan velja fritt mellom alle postane. Det vert som tidlegare premiert for 10 postar og for 15 postar.

Påmelding ved kjøp av kart og informasjon (frå 15. april) vert hjå :
Marit Krossøy (butikken), Sandnesbutikken og Nærbutikken Kvingo

Saman med kartet er det laga ei orientering om kvar de finn postane, og korleis dei er plasserte. Postane er merkte med raude/kvite band.  
Målsetjinga vår er at folk skal få både naturopplevingar og mosjon – og rådet vårt er at de ikkje ventar for lenge med å ta ut. Alle postane er no komne ut, og i år er me rekordtidleg ute.

I komitéen i år er Vebjørn Aasgard, Atle Nordland, Helga Ekehaug, Astrid Daae og Terje Rasdal (mobil 91578002)  - dei kan de ta kontakt med dersom de lurer på noko. Når den vanlege fjelltrimmen vert avslutta 1. november, er det meininga også i år å leggja ut sju vinterpostar omkring på Sørsida. Sist vinter hadde me 1264 besøk på desse postane, og det er rekord når det gjeld vinterpostane
 
Prisane er som i fjor: Vaksne: 100 kr, barn: 50 kr
Ver vennleg og betal innan 1. november, gjerne før.
N.B. Det er viktig at de passar på å betala inn, for når me går igjennom bøkene og tel opp, tek me utgangspunkt i dei som har betalt.
Dei som vil betala påmeldinga på nettbank/bankgiro til Fjon U.I.L., bruker  kontonummer 3635 50 08643. I rubrikken for KID skriv ein då Fjelltrim 2019 + dei namna det gjeld.)

Fjelltrimpostane 2019 (pdf)

Fjelltrimkart 2019 (pdf)

 

God tur!

 

Tekst: Terje Rasdal, fjelltrimkomiteen


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.04.2019