HeimNyhendeFilmpremiere for fullt hus

Filmpremiere for fullt hus

Filmen fortel historia om to tenåringar  som kjem på sporet av ein miljøforbrytelse i forsøket på å løysa sine eigne personlege gåter.

Det var heilt tydeleg at filmen fall i smak hjå publikum, med ein svært spanande og dramatisk slutt. Og så var det stas å oppleva scener som var filma i kjende nærmiljø og i vakker natur.

Filmskaparen heiter Christer Steffensen og kjem frå Frekhaug. Dette er hans første spelefilm.

Saman med produsent Sivert Kalvø Harang var han med på premieren.- Dette var  heilt utruleg kjekt å oppleva! Tenk at så mange kom og var med på før-premieren, det er nesten ikkje til å tru. Og for eit kakebord!

 

Ja, for etter filmframsyninga vart det invitert til kakefest. Bak i salen var det dekka eit stort kakebord som gode krefter hadde stelt i stand, og det vart nok til alle sjølv om det kom langt fleire på premieren enn arrangøren i sin villaste fantasi hadde rekna med.

 Filmpremiere 1

Ordførar Karstein Totland gratulerte filmskaparane og overrekte blomar frå kommunen. Ei nedleggingstruga turlagshytte står sentralt i filmen, og då passa det godt at Jane Britt Daae frå turlaget delte ut eit familiegåvekort til bruk på ei av turlagshyttene til Nordhordland turlag. Den heldige vinnaren var bursdagsbarnet Emil August.

Filmskapar Christer Steffensen takka og Fjon fjellkyrkje ved Knut Fredrik Sørheim for at dei har kunne nytta fjellkyrkja som base under innspelingane.- Utan dette samarbeidet hadde det aldri blitt nokon film, sa Steffensen.

 

Filmen kjem på kino frå 9. juni.

 

Les elles reportasjar frå premierefesten i lokalavisene.

Filmpremiere 2

Tekst: Frank Kvinge

Foto:  Sivert Kalvø Harang


Sist oppdatert: 25.05.2023
Publisert: 25.05.2023