HeimNyhendeFå hjelp til å setta i stand ditt kulturminne

Få hjelp til å setta i stand ditt kulturminne

Også frivillige lag og foreiningar, anten dei eig kulturminna sjølv eller forvaltar dei på vegne av andre, kan søke.

Sidan Kulturminnefondet gav sine første tilskot i 2003, har nærmare 5000 prosjekter fått støtte på til saman 780 millionar kroner. I 2019 deler dei ut over 100 millionar kroner til prosjekt over heile Noreg.

Kva vert støtta?

Kulturminnefondet støtter tiltak på alle typar faste kulturminner, som hus og bygningar, fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. I deira prioriteringar vert det lagt vekt på kommunen sine kulturminneplanar. Formålet er at eit mangfald av landet sine kulturminner blir teke vare på og teke i bruk i framtida for felles opplevingar, kunnskap og verdiskaping.

Her kan du lese meir om prioriteringar og spørsmål dei ofte får. (kulturminnefondet.no)

Uavgrensa søknadsfrist

Tidlegare har det vore ein årlig søknadsfrist, men frå i år er denne uavgrensa. Det betyr at private eigarar når som helst kan sende Kulturminnefondet ein søknad.

Her finner du Kulturminnefondet sin søknadsportal og rettleiing til søknaden.

 

Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 31.01.2019
Publisert: 17.01.2019