HeimNyhendeReidun Kvamsdal vart tildelt Eldreprisen for 2021

Reidun Kvamsdal vart tildelt Eldreprisen for 2021

Eldredagen vart markert med festsamkome på Nordbygda samfunnshus for kring 70 pensjonistar.

Trude Brosvik var talar for dagen, Jørn Skauge bidrog med nydeleg pianospel og sytte for tonefølgje til allsongen. Unge elevar frå kulturskulen sytte for fine songinnslag. Frøyseth gardsmat sto for maten. Festleiar var Ivar Haukeland.

Reidun Kvamsdal og ordførar Karstein Totland

Grunngjeving for Eldreprisen 2021

Me veit at denne prisvinnaren sitt arbeid har komme folket i heimbygda til gode, kommunen har nytt godt av det, og også regionen Nordhordland.  

Prisvinnaren har i yrkeslivet sitt, og seinare no som pensjonist, brukt engasjementet sitt og interessa si til arbeid som har med menneske å gjere, mestedelen av tida på sjukeheimen. Vinnaren var med heilt sidan sjukeheimen vart planlagt, då også som medlem i kommunestyret. Vinnaren var med og ga innhald til «Nystova», og hadde idear om utsmykkinga i gangane der med hattar og gamle reiskapar til glede for bebuarar og besøkande. Seinare var ho med og fekk bygd sansehagen. Ho har hatt eit spesielt hjarta for demensomsorg i eit langt yrkesliv, og no som pensjonist er ho framleis aktiv i pårørandeskulen i Nordhordland og medlem av styret i Nordhordland demensforeining.

Prisvinnaren har vore med og lagt til rettes for at eldre og hjelpetrengande burde få tilpassa hjelp og høvelege bustader. Ho såg tidleg  at desse gruppene kunne få hjelp i heimen, og var med å etablere og bygge opp ordninga med heimesjukepleie i Masfjorden. Ho har også vore med i arbeidet for å få bygd omsorgsbustader i kommunen.

Ho tok initiativ til at Einekavane A/S kom i gang. Det begynte som ein treffstad for folk med psykiske utfordringar, og har vore ein arbeidsstad  for personar som har vanskar med å gå på ordinært arbeid. Prisvinnaren var styreleiar der i mange år. Ho skaffa seg også meir kunnskap innan psykiatri, og var ei tid psykiatrisk sjukepleiar i Masfjorden.

Etter at prisvinnaren vart pensjonist har ho hatt høve til å engasjere seg meir i Nasjonalforeininga sitt arbeid, og ho er no leiar i lokallaget på Haugsvær. Ho likar at det skjer noko i nærområda, og gjennom helselaget får ho realisert ideane sine. Ho har fått vere med å legge til rette for aktivitet som spesielt kjem dei eldre til gode. Saman med gode hjelparar har ho vore pådrivar for å få i stand den nye turvegen på Haugsvær. Her er det både grillhytte og eventyrskog.  Det er vorte ein fast møteplass for pensjonistane kvar tysdag med tilpassa gåturar som endar med ein kaffipause i grillhytta. Prisvinnaren ser dei ulike ressursane hjå enkeltmenneska som ho har møtt både i jobb og elles, og finn alltid nokon ho kan få med seg, og som ho kan samarbeida med. Ikkje minst er  ho ein meister til å finne fram til kvar ho kan søkje for å få tak i midlar. På den måten har det trilla mange kroner inn i kassen til helselaget, og som har komme Indrefjorden til gode. Ho hadde også ideen om å kjøpe inn Motitec, eit opplegg med trimsykkel og fjernsyn til sjukeheimen, og fekk det finansiert av helselaga i kommunen. Gjennom helselaget er ho med og steller til onsdagstreffa på bua på Haugsvær. Der møtest pensjonistane annankvar onsdag til  kaffi og vaflar og mykje prat. Av og til er det quiz, og av og til bingo. Også om laurdagane er det kaffi på kanna på bua. Dette er vorte ein verdifull møteplass for pensjonistane i Indrefjorden.

Prisvinnaren er god å rådføre seg med når ein treng å snakke uformelt om ulike problem, små og store, og som gjerne kan oppstå når ein blir eldre. Med hennar bakgrunn som helsearbeidar og tidlegare med i kommunalt arbeid, er ho ein  god samtalepartnar som kan komme med framlegg til løysingar og hjelp. Ho tek gjerne kontakt og tilbyr hjelp når ho tenkjer nokon treng det. Alt i alt ein omsorgsfull prisvinnar som er verdig eldreprisen.

Takk for innsatsen!


 

Tekst: Karstein Totland, ordførar
Foto: Mary Hope


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 01.10.2021