HjemNyhendeEldreprisen til Haldis

Eldreprisen til Haldis

I grunngjevinga han las opp stod det følgjande:

« For å beskrive årets prisvinnar vil det vera rett å gå ein del år tilbake. Når det var snakk om å laga revy, var vedkomande både aktiv og ein pådrivar for å få det til, også som underhaldning på fleire 17. maikveldar i samfunnshuset på Risnes. Gjennom mange år har og vedkomande vore aktiv i songkor, både som styremedlem, songar og konferansier på tilstellingar. Vedkomande likar og godt å bidra med bakverk når det skal vera gevinstar til utlodding.

Eldrerådet har lagt særleg vekt på det frivillige arbeidet ho gjer som pensjonist for og med dei eldre på Masfjorden sjukeheim. Songtimane og mange gode samtalar, samt arrangering av onsdagskafe på arbeidsstova saman med Åse, Marit og Jenny er umåteleg viktig for bebuarane. Opplesing og lappesteiking gjev ein god atmosfære, og dei slåande replikkane kan få kven som helst til å le. Ho er ein stor ressurs for dei eldre på sjukeheimen, og vert etterspurd om ho ikkje er til stades. Ho har teke imot tinging av kaker, som ho lagar til dei finaste kunstverk. Ho har i mange år vore aktiv på vevstova på Sleire, og tek kunnskapen med tilbake til gode samtaler på sjukeheimen. Ho er og støttekontakt og er ein god ressurs for eldre her.

Vedkomande er ein ressurs for bygda, for heimebuande eldre og for eldre på sjukeheimen, og er ein humørspreiar som skapar tryggleik rundt seg.

Eldreprisen 2023 går til Haldis Margot Ulvatn.»

 

Eldreprisen 2023 gjekk til Haldis Ulvatn

Det var Eldrerådet i Masfjorden kommune som inviterte til Eldrefest måndag 2. oktober. Festen var på Solheim grendahus, og om lag 60 personar deltok.

Festleiar og leiar i eldrerådet, Ivar Haukeland, ønskte alle gjestene velkomne, og tok festen gjennom det planlagde programmet  i god stil. Det vart og tid til god drøs ved borda.

 

Leiar for eldrerådet, Ivar Haukeland

 

Tidleg fekk kulturskulen underhalda med song og gitarmusikk. Jon Martin Skauge og den 12 år gamle eleven Embla Dyrkolbotn-Brown frå Matre skule gjorde ein flott minikonsert, med fleire songinnslag, mellom anna med ein flott Billie Ellish- song.

Deretter kom Nils Torbjørn Kvamsdal og hadde festtalen. Han fortalde om oppveksten i Masfjorden, og hadde mange  historier frå  Nordbygda å fortelja, samt om livet på 60-70 talet i og ved det veglause bruket på Brekkene, der han vaks opp. Kvamsdal fortalde og litt om livet i Vossabygda, der han har jobba som journalist i lokalavisa Hordaland i over 35 år.  Det var tydeleg på forsamlinga at dei kjente igjen mykje av det han fortalde om!

 

Nils Torbjørn Kvamsdal holdt festtalen på Eldrefesten.

 

Hovudmusikken i år som i fjor var det gamaldansorkesteret «I G-dur « med 5 kjente karar frå Seims-krinsen i Alver som hadde. Fleire av desse karane har spelt i over 50 år på scener mange stadar i landet, og festlyden var svært fornøgd med musikken dei spelte. Dei hadde og musikk til allsongen, der kjente viser som «Striladans» og « I morgon, i morgon, men ikkje i dag» mellom andre vart sunge.

Kjellaug Bolset Strand hadde høgopplesing  frå mellom anna Jan Spurkeland si bok om strilahumor, mellom anna om den sindige bussjåføren Sverre, som alltid hadde replikkane i  orden, når uventa ting hende på landevegen.

Middagen vart servert av 9. klasse-elevar frå Matre skule og Laila Furebotn. Etter at denne jobben var gjort delte Ivar Haukeland ut roser som takk til alle servitørane.

9.klasse på Matre skule serverte på Eldredagen. Her får dei roser av leiar Ivar Haukeland

 

Noko av det siste som skjedde på eldrefesten var det ordførar Karstein Totland som hadde ansvaret for, då han delte ut Eldreprisen for 2023.

 

 

Tekst og foto: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 09.10.2023
Publisert: 03.10.2023