Ein koronasmitta påvist førre veke(veke 24)
Smittesporing er gjennomført, vedkommande er i isolasjon, aktuelle nærkontaktar er orientert og nødvendige tiltak iverksett. Smittekjelda er kjent.
Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.
Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.
Tekst: Malin Daae Steine, leiar for helseteavdelinga
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
21.06.2021