HjemNyhendeBiblioteket informerer om E-bøker og spørjeundersøking

Biblioteket informerer om E-bøker og spørjeundersøking

E-bøker:

Biblioteket er stengt inn til vidare. E-bøker kan de lese gratis på nettbrett eller mobil ved å laste ned BookBites.

  1. Last ned appen BookBites frå App Store eller Google Play
  2. Logg inn med lånekortnummer og pinkode
  3. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les.

Du må velje Masfjorden folkebibliotek når du har registrert deg som brukar på BookBites.

Dersom du treng hjelp til lånenummer eller pinkode, så ta kontakt med biblioteket. E-post: folkebibl@masfjorden.kommune.no eller tlf 56166420

Meir informasjon finn du på www.nordhordlandsbiblioteka.no
under fana Digitale ressursar. Der ligg òg ein videosnutt som viser korleis du lagar deg ein brukar.

Spørjeundersøkinga om «Naturgoder i Nordhordland»

Informasjonsmøtet som skulle vore på Matre 20.3. måtte avlysast. Det er likevel mogeleg å gjennomføre undersøkinga. Den vil vere open ut april. Du finn undersøkinga på app.maptionnaire.com


Tekst: Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.03.2020