HeimNyhendeDyktige og modige masfjordungdommar på UKM

Dyktige og modige masfjordungdommar på UKM

Johanne Einestrand framførte ein nydeleg versjon av Make you feel my love saman med storebror Jørgen på gitar, og Isak Thorsheim Kvinge på piano

(Bilete: Johanne Einestrand framførte ein nydeleg versjon av "Make you feel my love" saman med storebror Jørgen på gitar, og Isak Thorsheim Kvinge på piano)

Meir enn 70 ungdommar frå heile regionen fekk fritt spelerom til å visa litt av det dei er opptekne av.

-Det er fint å vera med på UKM, seier Johanne Einestrand.  - Her treff eg mange andre som driv med litt av det same som meg. Dessutan er det gøy å stå på ei litt større scene enn det eg elles har høve til i Masfjorden. Ekstra stas var det at framføringa av «Make you feel my love»  saman med storebroren min, Jørgen  på gitar, og Isak på piano gjekk så bra.  Eg synest me fekk til så fin musisering undervegs.

Frå Masfjorden deltok desse:
Clara Brandt (song)
Tiril Sleire- Gjerde (song)
Ben Jonas Larsen Andersen (gitar) og Tiril Sleire- Gjerde (song)
Vestlandslefsena med Alida Kvingedal (song), Solveig Neverdal Daae (piano) og Kasper Andreas Reknes Larsen (bass)
Åshild Andvik, althorn saman med pianist Jørn Skauge
Meriam Andvik (song)
Isak Thorsheim Kvinge (piano)
Johanne Einestrand (song), Jørgen Einestrand(gitar) og Isak Thorsheim Kvinge (piano)
Amathea Brown (song og gitar)

Alle er elevar i kulturskulen.

- Å delta på ei slik mønstring med stort publikum i salen krev mot. Eg er imponert over alle dei flotte framføringane og produkta, seier kommunekontakt Frank Kvinge. -  Å vera med på UKM er ei stor oppleving og ei nyttig erfaring som garantert gir læring og nye impulsar.

Bak heile arrangementet står 12 unge arrangørarar frå regionen leia av ungdomskoordinatorane i kommunane. Dei har brukt fleire månader på å planleggja det store arrangementet.

Eit fagpanel med musikar Hanne Vatnøy, kultursjef i Alver Eirik Utne og Anne Jacobsen vurderte deltakarane og bestemte kven som skal representera Nordhordland under fylkesmønstringa på Voss siste helga i april. Kriteria dei arbeider etter er mellom anna kvalitet i produktet, evne til formidling, utstråling og kor trygge utøvarane er i framføringa.

Frå Masfjorden vart desse innslaga sendt vidare til fylkesmønstringa på Voss siste helga i april:

  • Johanne Einestrand (song), Jørgen Einestrand (gitar) og Isak Thorsheim Kvinge (piano) med Make you feel my love (Bob Dylan)
  • Isak Thorsheim Kvinge (piano) med Exit music (for a film)

Isak Thorsheim Kvinge med ei flott tolking av jazzballaden Exit music

(Bilete: Isak Thorsheim Kvinge med ei flott tolking av jazzballaden "Exit music")

 

 

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Kjersti Andvik


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 03.02.2020