Invitasjon til dialogmøte om frivillig arbeid

Det vert det innlegg, dialog og prat i grupper om frivillig arbeid i Masfjorden, og servering av kaffimat.

Stad: Nordbygda skule, gymsalen.
Tid: Torsdag 5. mai, klokka 18.

Frivillighet Norge har sidan 2012 jobba med lokal frivilligpolitikk i kommunane og fylkes-kommunane. No kjem dei til Masfjorden og vi inviterer derfor frivillige og frivillige lag og organisasjonar til eit felles møte. Målet med eit slikt dialogmøte er å diskutera korleis vi som bur i Masfjorden kan utvikla ein lokal frivilligpolitikk. Ein slik uttalt politikk skal vise korleis kommunen kan leggje til rette for at frivillige lag og organisasjonar har gode vilkår for å skape gode aktivitetar. Vi håpar at du har lyst til å bidra til dette.

Påmelding innan tysdag 3. mai til post@masfjorden.kommune.no eller på telefon 56166200 / 48033312 (Torill Torsvik Størkersen)

 

 

Tekst: Torill Torsvik Størkersen / Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 29.04.2022