HeimNyhendeDet har kome inn 11 framlegg på dagsturhytte

Det har kome inn 11 framlegg på dagsturhytte

Dagsturhytte- status og orientering om vidare arbeid

Høyring var  kunngjort på kommunen si heimeside, lokalaviser og Masfjordingen, og sendt ut til lag, organisasjonar og institusjonar i kommunen.

Det kom inn 11 framlegg.

Dei innkomne framlegga til plassering er svært ulike i omfang, alt i frå eit namn på ein stad med enkel grunngjeving til svært gjennomarbeidde prosjekt med ei solid heilskapstenking der det meste i det vidare arbeidet er tenkt på og klarert.

Kommunen vil gå vidare med fire av innspela. Dette er:

  • Litlebotshågen/Duesundfjellet
  • Lillehatten/Hosteland
  • Hågen-  Seten- Vasseten- Hestefjellet/Matre (ein av desse stadane).
  • Grøttneset/ Kvingo

Kommunen vil saman med representant frå idrettsrådet, forslagsstillar og  grunneigarar - så snart det let seg gjera - ha synfaring på desse stadane før endeleg plassering vert bestemt i kommunestyremøte, etter planen 30. april.  Koronaviruset kan medføra forskyving av prosessen.

Klargjering av tomt og andre tilretteleggingar vil bli gjort til hausten, og opning av hytta blir våren 2021.

Takk til alle som kom med framlegg.


Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/ fagleiar kultur


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 24.03.2020