HjemNyhende"Dei Utrolege Åra" i Masfjord-barnehagane

"Dei Utrolege Åra" i Masfjord-barnehagane

Tilsette i Sandnes, Nordbygda og Indre Masfjorden barnehagar

(Foto: Tilsette i Sandnes, Nordbygda og Indre Masfjorden barnehagar)

I tråd med kommunedelplan for oppvekst 2014-2026 og handlingsplan 2014-2018, rullert våren 2016, har no alle dei tre barnehagane i Masfjorden teke i bruk barnehageprogrammet ”Dei utrolege åra”, forkorta til DUÅ. Indre Masfjorden barnehage og Sandnes barnehage brukte barnehageåret 2017-2018 på å ta dette i bruk, medan Nordbygda barnehage var ferdig no i august. Det er styrarane i Sandnes, Indre Masfjorden og ein tilsett frå PPT som har drive opplæringa av dei tilsette i alle tre barnehagane. Vi har sett av planleggingsdagane, samt to kveldar, til dette arbeidet.

DUÅ er ein programserie med åtte ulike modular, som er utvikla for å førebyggje eller behandle åtferdsvanskar hos barn. Eit overordna mål med programserien er å fremje gode og utviklingsstøttande relasjonar mellom barn og nære vaksne, samt positive samspel mellom barn. Målgruppa for heile programserien er barn mellom 0 og 12 år.

Målet med programserien er at alle tilsette i barnehagen skal få auka kompetanse på gruppeleiing, positiv relasjonsbyggjing, proaktive tilnærmingar (kunne tolke situasjonar slik at vi kan vere i forkant av det som skjer), motivasjonssystem, åtferdsplanar og problemløysingsstrategiar. 

Barnehagane i Masfjorden er no skulerte i skule- og barnehageprogrammet, og kan stolt kalle seg for «DUÅ-barnehagar»!

Tema i DUÅ er:

  • Byggje relasjonar
  • Å vere proaktiv
  • Å fremje god åtferd
  • Bruk av belønning
  • Å takle dårleg åtferd
  • Å lære problemløysing
  • Å skaffe seg vener
  • Lære å handtere kjensler

Dersom du ynskjer å lese meir om DUÅ, kan du finne informasjonshefte om DUÅ ved å gå inn på DUÅ si heimeside, http://dua.uit.no/om/

DUÅ-tilsette i Sandnes, Nordbygda og Indre Masfjorden barnehagar

(Foto: DUÅ-tilsette i Sandnes, Nordbygda og Indre Masfjorden barnehagar)

 

Tekst: Maja Aven Dahle
Foto: Mary Hope og Rune Garmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.09.2019