HeimNyhendeBli med!

Bli med!

PåmeldingsplakatEin har dei siste åra hatt om lag 150 elevplassar, og me har ingen venteliste.

Innmelding på elektronisk skjema. Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i april.

Alle tilboda gjeld elevar frå og med 2. klasse.

Dersom du allereie er elev i kulturskulen treng du ikkje melda deg på nytt for kvart skuleår, med mindre du ønskjer å delta på andre kurs.
 
Dersom du ikkje ønskjer å fortsetja med det kurset du har dette skuleåret, må
du melda deg av skriftleg til kulturskulen på elektronisk utmeldingsskjema.
 
Påmeldinga gjeld for heile skuleåret, og dersom du ønskjer å slutta midt i året,
må du likevel betala påbegynt semester.
 
Alle får i utgangspunktet undervisning ein gong i veka, dei fleste i grupper.
 
Elevar som søkjer må ordna med eigne instrument til å spela på heime.
Unntaket er skulekorpsaspirantar, då desse får låna korpsinstrument.
 
Elevar som melder seg på samspelkurs og band, vert oppmoda om å
diskutera påmelding med aktuelle medmusikantar.
 
Aspirantopplæringa til skulekorpsa går over 1,5 år.
 
Teikne/målekurset har dei siste åra hatt  haustkurs i Ytrefjorden og eit vårkurs i Indrefjorden. Målet for komande år er å gje eit tilbod som går gjennom heile året på begge stader.

Kursa vert tilpassa dei ulike aldersgruppene som måtte melda seg.  Dersom det er mange nok søkjarar prøver me å få til ei gruppe for barneskuleelevar og ei for ungdomsskuleelevar og vaksne.

Dramakurset er lagt til tre helgesamlingar pr. semester. Samlingane blir lagt vekselvis til dei tre skulane i kommunen. Gruppa arbeider med ulike oppsetjingar. Vinteren 2019 var det familieframsyninga "Gubben og katten" som sto på programmet. Det siste skuleåret har det vore opphald i tilbodet grunna mangel på lærar. Me reknar med å ha ny lærar på plass til skulestart i august.
 
Har du ønskje om kurstilbod som ikkje står på lista kan du føra det opp    
under ”merknader” i påmeldingsskjemaet, kanskje me kan få til noko? Viss
ikkje veit me i alle høve at interessa er der og kan gjera noko med det til
seinare år.

Elevane må sjølv dekka innkjøp av naudsynt opplæringsmateriell (notar,
teikneutstyr etc.). Dette vert betalt saman med kurspengane to gonger i året (haust/vår).

Vaksne kan og søkja, og vil få tilbod dersom ledig kapasitet.

 

Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/fagleiar kultur


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 10.03.2020