HjemNyhendeSend inn bilete frå 17. mai

Send inn bilete frå 17. mai

Vel overstått nasjonaldag

Feiringa vart annleis enn det vi har hatt tradisjonar for tidlegare år. Tilbakemeldingane er gode og vitnar om at masfjordingane har hatt ei minnerik 17. maifeiring.

17. mai-komitéane og kommunen oppmodar om å senda inn bilete av eiga 17. mai-feiring, samt det de fekk med av felles tilstelningar rundt om i bygdene våre.

Send bilete til denne adressa: bilete@masfjorden.kommune.no.

Du kan også senda små filmsnuttar.

Fristen er 30. mai.

Det er fint om du legg ved kvar bileta er tekne, evt. kven som er med på bileta, og kven som har teke dei.

Bileta vert lagt inn i album på www.masfjordingen.no
På denne sida finn du også alle dei flotte filmane som vart produsert til 17.mai 2020.

 

Tekst: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.05.2020