HeimNyhendeBærekraft, sushi og strandrydding

Bærekraft, sushi og strandrydding

FN-flagget vaiar over SandnesInnhaldet i opplegget var basert på at elevane gjennom praktiske oppgåver skulle få innsikt i miljørelaterte problemstillingar. Mellom anna fekk dei oppgåver som skulle hjelpe dei betre til å forstå korleis ulike typar avfall på avvege kunne påverke miljøet langs strendene våre.

Ei leikprega oppgåve med alvorlege undertonar, gjekk ut på å rote og å rydde. Nokre få fekk i oppgåve å rote utover ulikt søppel, medan resten av gjengen skulle rydde opp att det "rotarane" slengde rundt seg.

RoteleikLeiken gjekk med liv og lyst, men det vart snart tydeleg at det trengdest mange hender for å rydde opp alt det nokre få kunne klare å rote til.

Fleire av oppgåvene i dette undervisningsopplegget har utgangspunkt i FN sine mål om bærekraft Bærekraft handlar om å leve på ein måte som ikkje dreg for store vekslar på det vi skal leve av. Vi må rekne med å endre eigne vanar, til dømes med tanke på maten vi et. Truleg må vi redusere kjøtforbruket.

Nokre var litt skeptiske til sushi. Andre, derimot...Men det å ete meir fisk og grønsaker treng ikkje vere problematisk: NGIR, som er ein av FN-sambandet sine samarbeidspartnarar i dette opplegget, spanderte fersk og veltillaga sushi, laga av kortreise ingrediensar, på alle. For mange vart dette ei ny oppleving, og sjølv om einskilde heller ville nyte eiga niste, var det mange som syntest dette var riktig godt.

Dei tilsette på kommunehuset vart inviterte til å ete saman med elevane denne dagen. Og reaksjonen deira på denne litt uvande maten - og ikkje minst måten å innta han på - var ikkje ulik elevane sin.

Lunsj i det fri.FN-sambandet samarbeider med mange ulike instansar for å få til å gjennomføre slike opplegg for elevar rundt om. Kystsogevekene er ein slik samarbeidspartnar, Nordhordland biosfæreområde er ein annan. Dei har eit sterkt ynskje om å kome attende til Masfjorden og gjennomføre dette opplegget for fleire.

Kan hende vi kan ynskje dei velkomen attende over sommaren?

Tekst og bilete: Rune Garmann


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 03.05.2019