HjemNyhendeAvtale om pasientreiser på plass

Avtale om pasientreiser på plass

Det betyr at du som er pasient og har rekvisisjon for drosje til lege eller sjukehus no får dekka dine reiser, og slepp å leggje ut for dette sjølv. Rekninga går no direkte frå drosjen til Pasientreiser slik som før oktober 2020.

I vel fire månader har Helse Bergen vore utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i Masfjorden kommune og fleire av våre nabokommunar. Mangel på avtale har medført ei ekstra belastning for dei som har hatt behov for slik transport, og som har måtte leggje ut for reisa sjølv. Masfjorden kommune er glad for at ny avtale no er på plass.


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 25.02.2021