HjemNyhendeAuditionplan

Auditionplan

BLI MED PÅ PRØVE-SYNGING / AUDITION!
Vil du bli med å synge på oppsetjinga «Frå hav til fjell i Nordhordland» basert på Arne Høyland sine viser?

Nordhordland musikkteater er ein nystifta organisasjon som skal framføra ein musikal eller eit musikkteater i september 2023 minst fem stader i Nordhordland. I den forbindelse søker vi etter songarar – både til solistroller og som songarar i koret.
Oppsetjinga skal gjennomførast med band, kor og solistar. Og vi vil gjerne ha med solister i alle aldrar frå heile Nordhordland, i tillegg til nokre erfarne songarar som vert engasjert av oss.

Det vil etter planen bli audition i aktuelle kommuner i Nordhordland i perioden 7. til 16.november 2022. Vårt foreløpige oppsett om stad og tidspunkt er:

Masfjorden måndag 07.november 2022 klokka 1700 på Sandes skule

Deltakerane som har lyst til å vere lokale solister eller synge i koret, må melde seg på ei veke før den lokale songprøven. Det blir då mogeleg å planleggje songprøvane ut frå antal deltakarar på den enkelte staden. Alle som ynskjer det får ein mogelegheit til å syngja to viser:

  • Ei av Arne Høyland sine viser – kan hentast frå youtube.no eller etter kontakt med oss.
  • Ei sjølvalgd vise som den enkelte deltakar ynskjar (NB – viktig å få namn på visa med tanke på akkompagnement, eller at ein må ha med seg eigen inspelt musikk på ei datafil)

Tre av personane bak oppsetjinga, vil vere «dommarar» og ta ut dei som skal få delta på konsertane. Dette er Arne Høyland (låtskrivar), Else Irene Westevik (songlærar) og Trent Bruner (dirigent for Tysnes kammerkor og Songlaget Alvidt-Manger).

Målsetjinga er å finne lokale songarar til kvar enkelt konsert. Det vert laga opptak av kvar song-prøve slik at «dommarane» kan lukkast med å kvalitetssikra sine val. Desse opptaka vil bli sletta etter ei veke.

De finn alle dei aktuelle songane til Arne Høyland framført på YouTube. Og de kan velgja heilt fritt kva song dere vil syngja på audition av Arne sin viser.
For å hjelpe dykk litt har vi plukka ut nokre songar som vi henviser til på YouTube slik at de kan høyre på visene, og til en blogspot for å finne teksten.

• Heima e best: Song og spel  
Tekst 

• Sjøbøren: Song og spel  
Tekst 

• Laksajiljo: Song og spel  
Tekst 

• Godt og varmt: Song og spel 
Tekst 

• Hav, himmel og strand: Song og spel 
Tekst

• Vilje og mot: Song og spel 
Tekst 

Heile ensemblet skal vere klart denne hausten. Koret skal øve kvar torsdag frå 05. januar 2023 på Knarvik ungdomskule frå kl. 18.30 – kl. 20.30 saman med Songlaget Alvidt-Manger. Koret skal få noter og øvingslydfiler (SATB) seint i november 2023. Den fyrste øvinga med bandet, solistar og koret vil gjennomførast 21.-22. januar 2023.
Me vil då sjå og kunne ta ei avgjersle på kor hyppig ensemblet må øva, og planleggje samlingar ut frå det. Me veit at solistar og musikarar har moglegheit til å driva innøving individuelt, og at koret har sine faste øvingar i veka.
Generalprøve skal skje mandag 11. september 2023 på stadet som skal ha den første konserten.

Konsertplan:

  • onsdag, 13. september – premiere Leknes grendahus/Storstova skulen, Alver
  • torsdag, 14. september – .............................
  • fredag, 15. september – Nordbygda samfunnshus, Masfjorden
  • laurdag, 16. september – Fotlandsvåg grendahus, Osterøy
  • søndag, 17. september – .............................

Om de ønskjer notar med besifring til nokon av songane, kan dere ta kontakt med ein av leiarane for prosjektet:

Petter Lexander på pejoeran@online.no eller mobiltelefon 900 67 390
Jarle Hanstveit på jarle.hanstveit@gmail.com eller mobiltelefon 480 02 564

PÅMELDING TIL SONGPRØVAR (pejoeran@online.no)

NAVN:____________________________________________________________________________

ALDER:____________________________________________________________________________

STEMME (dersom det er kjent):________________________________________________________

ERFARING MED SONG:_______________________________________________________________

POSTADRESSE:_____________________________________________________________________

TLF./MOBIL:_______________________________ E-POST:________________________________

TRENGER DU SONGNOTAR PÅ FORHÅND? Ja_____ Nei_____


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.10.2022